Pensjonistuniversitetet Stavanger

Kunnskap kjenner ingen alder

Frå olje til omstilling: Kva er universitetet si rolle?

Onsdag 18. september kl. 11.00 kommer Rektor ved UiS Klaus Mohn for å forelese om temaet: Frå olje til omstilling: Kva er universitetet si rolle?

Klaus Mohn er professor i økonomi og rektor ved Universitetet i Stavanger frå 1. august 2019. Fagfeltet hans spenner frå energi og miljø, via olje og gass, til økonomisk politikk. I dette foredraget vil han reflektere over utsikter og utfordringar for ein ressursrik Rogalands-økonomi på terskelen til omstilling.

 

Etter femti år med oljefyrt vekst, tyder forsking og internasjonal erfaring på at den økonomiske aktiviteten på våre kantar vil flate ut i åra som kjem. Mohn vil presentere bakgrunnen for desse utsiktene, og deretter reflektere over kva rolle kva rolle Universitetet i Stavanger kan spele for utvikling av kompetanse, sysselsetting og verdiskaping i regionen.