Pensjonistuniversitetet Stavanger

Kunnskap kjenner ingen alder

Skjelv du på handa, Vladimir? Samfunnsengasjement gjennom film og poesi

Onsdag 14. februar kl. 11.00 kommer forfattar og filmregissør Odveig Klyve for å forelese om temaet: Skjelv du på handa, Vladimir? Samfunnsengasjement gjennom film og poesi

Odveig Klyve er forfattar og filmregissør. Ho har mellom anna skrive elleve diktsamlingar, og har regissert kortfilmar som er inviterte til internasjonale festivaler i Europa, Amerika og Asia.

Diktsamlinga FORDI DU ER kom ut hausten 23. (Cappelen Damm). Her finst diktet: «Skjelv du på handa, Vladimir?» som spontant vart gjendikta til over 100 språk og dialekter våren 2022. Klyve har og laga ein film som byggjer på dette diktet. Saman med dokumentarscener frå krigen i Ukraina høyrest stemmer frå heile verda. Dei uttrykkjer alle sin reaksjon på krigen, ved å omsetja og lesa dette diktet, integrert med musikk av Nils Petter Molvær.