Pensjonistuniversitetet Stavanger

Kunnskap kjenner ingen alder

Mellom nasjonalromantikk og europeisk mote, 100 års bunadshistorie i Rogaland

Onsdag 13. desember kl. 11.00 kommer etnolog på Jærmuseet Målfrid Grimstvedt, for å forelese om temaet: Mellom nasjonalromantikk og europeisk mote, 100 års bunadshistorie i Rogaland

Bunaden knytter oss til norske drakttradisjonar. Men kva draktskikk var det? Målfrid Grimstvedt drar linjer frå draktskikken i Rogaland på 1700-talet gjennom bevarte draktplagg, biletmateriale og skriftlege kjelder. Både kvinner og menn var tydeleg påverka av europeisk mote. Mens dei i Telemark og Hallingdal måtte erstatta mangefarga silkedamask med broderi på ullstoff, kunne sjølv bondekvinnene her i fylket få seg fine stoff direkte frå utlandet. Koss har denne kunnskapen blitt brukt til å laga dagens bunader? Rogalandsbunadene har vore i bruk i hundre år. Dei er påverka av lokal draktskikk, men like mykje av bunadsmoten. På 1920-talet, då dei første kvinnebunadene blei laga, så skulle ein norsk bunad ha broderi – helst mykje broderi. Det har prega bunadene fram til i dag.

Målfrid Grimstvedt (f.1949) er etnolog med spesiale i folkedrakt og bunad. Var medlem av det statlege bunad og folkedraktrådet frå 1981 til 2001. Ho har vore nestleiar og sjefskonservator på Jærmuseet. Ho er aktiv i Rogaland Ungdomslag sitt arbeid med kvinnebunad frå Ryfylke og mannsbunad frå Rogaland. Ho er for tida leiar av Norsk folkedraktforum, ein frivillig organisasjon for dei som arbeider med bunader bygd på tradisjonen frå norske folkedrakter.