Bonusforedrag «Afghanistan: folk, historie og usikker framtid», seniorforskar Arne Strand, Christian Michelsens Institutt (CMI).
Han har også leia norske NGOar i Afghanistan. Strand sin forsking inkluderer bistand, migrasjon og assistert retur, korrupsjon, freds og statsbygging. Utover Afghanistan er forskinga geografisk sentrert på Asia og midt- Austen, inkludert stormaktene sin rolle i desse regionane. Strand vil skildre Afghanistans historiske bakgrunn, etnisk og stammebasert struktur, kultur, religion og familie- og kjønnsroller. Han tek opp korleis konfliktar sidan 1979 – frå Sovjet-invasjonen, borgarkrigen og Taliban sitt maktspel – har forma landet. Det internasjonale samfunnet førte krig mot terror og prøvde å byggje ein demokratisk stat fram til 2021. Til slutt blir dagens situasjon og utfordringane for afghanarane drøfta.