Foredrag: «Afghanistan: folk, historie og usikker framtid»v/sen.forsk.v/Chr. Mich. Inst. Arne Strand

Bonusforedrag «Afghanistan: folk, historie og usikker framtid» ved seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI) Arne Strand.

Han har også leia norske NGOar i Afghanistan. Strand si forsking inkluderer bistand, migrasjon og assistert retur, korrupsjon, freds og statsbygging. Utover Afghanistan er forskinga geografisk sentrert på Asia og midt- Austen, inkludert stormaktene sin rolle i desse regionane. Strand vil skildre Afghanistans historiske bakgrunn, etnisk og stammebasert struktur, kultur, religion og familie- og kjønnsroller. Han tek også opp korleis konfliktar sidan 1979 – frå Sovjet-invasjonen, borgarkrigen og Taliban sitt maktspel – har forma landet. Det internasjonale samfunnet førte krig mot terror og prøvde å byggje ein demokratisk stat fram til 2021. Til slutt blir dagens situasjon og utfordringane for afghanarane drøfta.

Detaljer

Dato onsdag 04. februar 2026
Klokkeslett 11:0013:00
Kalender Åpen kalender